mini|Oppbygginga til herpesvirus Herpesvirus (Herpesviridae) er ein familie dobbelttråda DNA-virus med membranar i ordenen Herpesvirales. Dei har pattedyr, fuglar og krypdyr som vertar.

Herpesvirus har lineære genom på 125-290 kilobasepar. Innanfor membranen har dei ein proteinstruktur kalla tegument, og innanfor tegumentet ligg eit ikosaederforma kapsid med trianguleringstal lik 16 og som inneheld DNA-et.

Åtte herpesvirus kan ha menneske som vert, og er fordelte på dei tre underfamiliane av herpesvirus. Alle herpesvirus kan danna livslange løynde infeksjonar, der viruset ligg i spesifikke seller i verten og uttrykkjer gena sine minimalt.

Kjelder