Karin Irene Singstad Vidal () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim som vann OL-sølv i 1988 og VM-bronse i 1986. Linjespelaren var aktiv på Sverresborg Idrettsforening gjennom heile 1980-talet.

Singstad deltok frå landslagsdebuten i oktober 1984 i 83 landskampar og skåra 33 mål. Ho var med då Noreg overraska med å vinne bronse under Handball-VM 1986 i Nederland. To år seinare fekk ho ein sølvmedalje under Sommar-OL 1988 i Seoul. Singstad opptredde i landslagdrakta siste gongane i september 1989.

Merittar VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea

Kjelder handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1988 Kategori:Folk frå Trondheim