Anne Migliosi Taalesen () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Skien som vann VM-bronse i 1986. Ho var aktiv på Gjerpen IF i fleire sesongar.
Kantspelaren Migliosi debuterte på Noregs landslag i september 1984. To år seinare var ho med å vinne ein høgst overraskande bronsemedalje under verdsmeisterskapen 1986 i Nederland. I juni 1988 fekk ho sine siste kampar i landslagsdrakta og stoppa dermed på 62 kampar og 70 mål.
Merittar VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner Kategori:Folk frå Skien