Maysan guvernement () er eit guvernement søraust i Irak, ved grensa til Iran. Det administrative senteret er byen Amarah. Før 1976 hadde det heitt Amara guvernement.
Andre språk Regionen vart kalla Messène (gammalgresk Μεσσήνη) av dei gamle grekarane (Strabon), Mays̲h̲an på gammalsyrisk, Mēs̲h̲ān på mellompersisk og partisk (𐭌𐭉𐭔𐭍, Myšn), Mēs̲h̲un på armensk, Maysān (ميسان) på arabisk og T’iao-tche i Han-kjelder.Streck, M.; Morony, M.. "Maysān." Encyclopaedia of Islam, Second Edition. , 2012. Reference. 30 March 2012
Dei fleste innbyggjarane er sjia-arabarar. I sør ligg mange av Dei mesopotamiske sumpene, og området har tradisjonelt vore heimstad til mange sumparabarar.
Historie Aleksander den store grunnla byen Kharax Spasinu i 324 fvt. i denne regionen. Byen vart seinare hovudstad i Kharakene. Byen finst som ruinar i Naysan.
Området leid stort under den iransk-irakiske krigen og var då ei stor slagmark, og igjen under det irakiske opprøret i 1991.
Distrikt Ali Al-Gharbi (علي_الغربي) Amara (العمارة) Al-Kahla (الكحلاء) Al-Maimouna (الميمونة) Al-Mejar Al-Kabi (المجر الكبير) Qal'at Saleh (قلعة صالح)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Maysan Governorate» frå , den 8. november 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Guvernement i Irak Kategori:1976 i Irak