Muthanna guvernement () er eit guvernement i Irak, kalla opp etter den arabiske generalen al-Muthanna ibn Haritha frå 600-talet. Det ligg sør i landet ved grensa til Saudi-Arabia. Det administrative senteret er byen Samawah.
Før 1976 var guvernementet ein del av Diwaniya guvernement, som i dag er ein del av Najaf guvernement og Al-Qādisiyyah guvernement.
Samawah ligg like ved den sumerisk-babylonske oldtidsbyen Uruk (arameisk Erech), som kan vere opphavet til namnet «Irak». Etter Babylon fekk lågare status då selevkidane grunnla Seleucia, vart Uruk den største byen sør i Babylonia. Namnet hans, Erech, fortrengde etterkvart Babili (Babylonia), sidan byen varte langt lengre enn den tidlegare hovudstaden, fram til 600-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muthanna Governorate» frå , den 8. november 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Muthanna guvernement Kategori:Guvernement i Irak