Midland Oak eller The Central Oak er eit eiketre i Leamington Spa i Warwickshire i England, nær grensa til Lillington. Det skal markera det geografiske midtpunktet av England, sjølv om det same blir hevda om fleire andre stader i landsdelen Midlands.
mini|venstre|Det gamle eiketreet kjend som Midlands Oak som blei felt i 1967. mini|Minneplaketten for det opphavlege treet.
Det opphavlege eiketreet er merka av på kart frå 1711. Dette treet voks midt i vegen, i vegkrysset mellom Lillington Road og Lillington Avenue. Det blei felt i 1967 etter at ei stor grein hadde falle ned på fortauet.
I februar 1988 blei det planta ei ny Midland Oak ved sida av vegen. Ein minnesplakett for det opphavlege treet blei avduka i april same år. Treet var blitt dyrka fram frå ei nøtt frå det gamle.History of Lillington - Warwickshire (pub 1990, John M. Winterburn), s. 25 & 32. Det nye treet fekk nøtter for første gong i 1993, og desse blei deretter samla og sådde. Fleire av trea som voks opp blei planta i nærleiken og lengre unna.
Dette treet overlevde omfattande landskapsarbeid i 2002 då ein opna opp ein underjordisk bekk, Bins Brook, og laga flaumvern for husa i nærleiken.Leamington Spa Courier, 4. april 2002, «Flood Site Like a Battlefield»
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Midland Oak» frå , den 5. november 2017. Bakgrunnsstoff Midland Oak ved geograph.org.uk Midland Oak fotografert på 1920-talet. Midland Oak fotografert i 1935
Kategori:Kjende tre Kategori:Turistmål i Warwickshire Kategori:Royal Leamington Spa Kategori:Eikeslekta Kategori:Lillington