Else Myklebust () er ein norsk journalist og programleiar i NRK.Elsebeth Frey, Livet etter deadline i bladet Journalisten den 31. januar 2003. Ho er kjend for å dekka tabubelagte tema og vald.
Bakgrunn og karriere Myklebust har cand.mag.-eksamen frå Universitetet i Oslo. Frå 1969 til 1994 var ho programsekretær i NRK. I 1974 laga ho fire program om kvinna sin situasjon, saman med Marianne Wieser. På midten av 70-talet leia ho og Kjell Kjær ungdomsprogrammet Lefsa om ungdomsklubbar og generasjonskløfta.Er alle unge slik? i VG den 9. desember 1976. I 1978 leia ho serien Eg elskar verda, men ikkje fattigdomen med opptak frå Caracas. Ho var også programleiar og medarbeidar i TV-programmet Sosialkanalen i ei årrekke. Myklebust var med i Norsk språkråd 1976-1983.
I 1980 og 1981 leia ho programmet Nærsynet saman med Berit Hedemann og Ragnar Baartvedt, der ho mellom andre intervjua kampsportutøvar Bente Ottersen. Myklebust vart med sjølv og vart leiar av sjølvforsvarsgruppa «Kvinner i kamp» og gav ut bok om emnet saman med Ottersen i 1985. Boka dekker også stoff innsamla på studietur til USA i 1983 om kvinnevald. I 1984 fekk ho temaet inn på NRK mellom anna i programmet Valdtekt ein vond sirkel og Dagsrevyen. Same hausten starta ho serien Ingen rom er trygge på NRK, om incest, der dei mellom anna viste den amerikanske Det er noe med Amelia frå 1984. Filmen ...og la den vandre frå 1987 handla om valdtekt.Wenche Lie, Voldtektsfilm: Sjokk! i Aftenposten den 24. oktober, 1987.
Saman med Indra Lorentzen utvikla ho ei førestilling om menn som slår, vist på Sosialkanalen i februar 1988. Den sju minutt lange teiknefilmen Trøbbel, om utuktig omgang med barn, laga ho med filmskaper Anna Tystad Aronsen og Bente Ottersen. Han vart først vist for vaksne, deretter for barn på Barne-TV.Tor Hartvig Bondø, Barne-TV avslørte sexmisbruk? i VG den 15. oktober, 1988. I 1992 leia ho og Lillian Fjellvær TV-serien Alle Tiders Reklame på NRK. Med Gerd Inger Polden laga ho filmen Taushet er gull, om sexkjøp under Vinter-OL 1994. Han vart klipt på grunn av bruk av skjult mikrofon, før han vart vist på Sosialkanalen.NRK fjernet intervju med sexkunder i Aftenposten den 31. mai, 1994.
Myklebust slutta i NRK I 1994. Seinare har ho arbeidd som pedagog med Feldenkraismetoden.
Bibliografi Bøker
Prisar og utmerkingar Hirschfeldtprisen 1986 for ein programserie om seksuelle overgrep mot barnPris for TV-program i Aftenposten den 16. april 1986.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Else Myklebust» frå , den 6. november 2017.
Referansar
Kategori:Norske journalistar Kategori:NRK-journalistar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Feministar Kategori:Norske feministar Kategori:Folk frå Bremanger Kategori:Forfattarar frå Bremanger Kategori:Norske sakprosaforfattarar