1959 (romartal MCMLIX) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet Januar: Regjeringa i Belgia erklærte at Belgisk Kongo ville få sjølvstende. 4. mars: Pioneer 4 vart den fyrste amerikanske sonden til både å passera månen og å forlata tyngdefeltet til jorda. Sverige innførte, som det fyrste landet i verda, påbod om veltesikker vernebøyle på alle nye traktorar.

Noreg 12. januar: Alle seks ombord omkom då motorkuttaren «Meteor» av Kamøyvær forliste i ein nordaust-kuling vest om Helnes fyr. Bondepartiet endra namn til Senterpartiet for å tydeleggjere at det ikkje lenger var ein interesseorganisasjon for bønder.

Fødde mini|upright|Riogoberta Menchú vart fødd 9. januar mini|upright|Jon Fosse vart fødd 29. september

9. januar: Rigoberta Menchú, guatemalsk menneskerettsforkjempar og politikar 27. februar: Geir Botnen, norsk musikar 16. mars: Jens Stoltenberg, norsk statsminister og NATO-leiar 30. april: Stephen Harper, kanadisk statsminister 14. mai: Steve Hogarth, britisk songar og musikar 15. juni: Tor Endresen, norsk songar 18. juni: Christian Rynning-Tønnesen, norsk næringsdrivar 8. juli: Tom Egeland, norsk forfattar og journalist 30. juli: Petra Felke, tysk spydkastar 14. august: Magic Johnson, korgballspelar frå USA 14. september: Morten Harket, norsk songar 29. september: Jon Fosse, norsk dramatikar og lyrikar 21. oktober: Åslaug Haga, norsk politikar 26. oktober: Evo Morales, boliviansk president 5. november: Bryan Adams, kanadisk songar 22. november: Anders Giske, norsk fotballspelar 21. desember: Florence Griffith-Joyner, sprintar frå USA 25. desember: Eirik Kvalfoss, norsk skiskyttar

Døde mini|Billie Holliday døydde 17. juli, 44 år gammal

14. januar: G.D.H. Cole, britisk forfattar 3. februar: Buddy Holly, USA-amerikansk rock'n roll-musikar 15. februar: Owen Willans Richardson, britisk fysikar 15. mars: Lester Young, USA-amerikansk musikar 9. april: Frank Lloyd Wright, USA-amerikansk arkitekt 20. mai: Alfred Schütz, austerriksk-amerikansk filosof 3. juli: Johan Bojer, norsk forfattar 6. juli: George Grosz, tysk målar 15. juli: Peter Egge, norsk forfattar 17. juli: Billie Holiday, jazzsongarinne frå USA 3. september: Sigvald Hasund, norsk historikar 27. september: Herman Wildenvey, norsk forfattar 17. november: Heitor Villa-Lobos, brasiliansk komponist 21. november: Olav Meisdalshagen, norsk politikar 7. desember: Sverre Støstad, norsk politikar 11. desember: Idar Handagard, norsk forfattar 28. desember: Ante Pavelić, kroatisk politikar