Turøyna er ei øy i Øygarden kommune, nordvest for Sotra i Vestland. Øya ligg om lag 40 kilometer nordvest for Bergen med bil. Grensa mellom dei tidlegare kommunane Øygarden og Fjell kommune gjekk gjennom sundet som skil Turøyna og Toftøyna. Fram til 1964 høyrde Turøyna med til dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Herdla kommune oppløyst, og Turøy gjekk til liks med naboøya Misje inn i Fjell kommune. I gamal tid var det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som var levevegen.
Turøyvarden står på det høgste punktet på Turøyna, 74,51 meter over havet. Frå varden er det fritt utsyn i alle retningar. Varden er frå 1896, murt i gråstein og tjærebredd. Den er vel fem meter høg og har sirkelform, er synleg langt til havs og er eit godt sjømerke. Det kan ha vore varde her tidlegare. I 1991 fekk Turøyna bru. Kort tid etter at Turøybrua vart tatt i bruk vart butikk, skule og postkontor lagt ned. Postadressa er 5365 Turøy. Turøyna har 132 innbyggjarar (2023).
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Manger prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Herdla herred, frå Digitalarkivet 1950Halvor Skurtveit et al. (red.), Fjell bygdebok, bd. III (Fjell kommune, 2006) 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2023 18 97 182 100 132
Turøyna er ein god stad for fuglekikking, og Universitetet i Bergen hadde ein periode fuglestasjon på øya. Krigshelten Leif Andreas Larsen starta si første reise over Nordsjøen under andre verdskrigen frå Turøy, med motorkuttaren Motig 1.
Turøyna-ulukka
Fredag 29. april 2016 styrta eit helikopter på veg frå Gullfaks B til Flesland ved Turøyna. Helikopteret fall frå om lag 600 meter og eksploderte då det gjekk i bakken i vasskanten på Storeskitholmen, berre nokre hundre meter frå busetnaden. 13 personar omkom i ulukka.
Bergingsarbeidet vart utført av det lokale brannvesenet, ambulansepersonell frå Helse Bergen, Sivilforsvaret, marinefartøy frå Haakonsvern, mannskap frå politiet og frivillige frå Røde Kors. I tillegg var fleire sivile raskt ute med båtane sine for å prøve å hjelpe eventuelle overlevande. Kjelder
Litteratur Turøy, Tore: Gards- og ættesoga om Turøy, Straume 2001. Turøy som fuglelokalitet Turøy fuglestasjon
Kategori:Øyar i Øygarden