Valle kyrkje ligg på austsida av elva Audna, på Vigeland i Lindesnes kommune.
Kyrka er ei lafta krosskyrkje som vart innvigd i 1793. Ho har 6 galleri og 600 sitjeplassar.Kyrkjesøk
På slutten av 1980-talet vart taket på kyrkja restaurert, og til 200-årsjubileet i 1993 vart kyrkja restaurert inni. Mellom anna vart den naturlege fargen på tømmerveggane avdekka.
Det er dokumentert at det var kyrkje på Valle i 1390. Plasseringa er ikkje kjend. I 1577 bygde Peder Claussøn Friis ei ny kyrkje i nordenden av dagens kyrkjegard. Ho vart kalla Peder Claussøns kyrkje og var i bruk til 1792, då ho vart riven. Dagens kyrkje vart bygd i 1793.
I Valle kyrkje heng eit måleri av Peder Claussøn Friis som mellom anna har vore stilt ut på Nasjonalgalleriet. Måleriet og andre gjenstandar er overførte frå Peder Claussøns kyrkje.
På Valle kyrkjegard finn ein gravene til foreldra til Gustav og Emanuel Vigeland, AnnaBilete av gravminne og ElisæusBilete av gravminne, og til eldste broren, Theodor.Bilete av gravminne Desse er freda. Gravsteinane er utforma av Gustav, som vart konfirmert i Valle kyrkje i 1883.Spotstudio.no Han har òg utforma statuen av Peder Claussøn Friis utanfor kyrkja.Gustav Vigeland i Norsk biografisk leksikon. Krigsminnesmerket på kyrkjegarden er laga av fillenevøen til Vigeland-brørne, Arne N. Vigeland.Arne N. Vigeland i Norsk biografisk leksikon
Fotnotar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Valle kyrkje i Lindesnes» frå , den 11. september 2017.
Bakgrunnsstoff
Lindesnes kyrkjelyd
Kategori:Kyrkjer i Lindesnes Kategori:Kulturminne i Lindesnes Kategori:Norske kyrkjer frå 1790-åra Kategori:Kyrkjer i Lister og Mandal prosti Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:1790-åra i Noreg Kategori:Valkyrkjer i 1814