Vanse kyrkje er ei krosskyrkje i Vanse i Farsund kommune kommune i Agder. Delar av steinkyrkja er frå mellomalderen, men kyrkja vart bygd om og utvida i 1848–49. Ho har 850 sitjeplassar.

Historie Ein veit ikkje sikkert når kyrkja først vart bygd, men det har vore spekulert i at ho (eller ein forgjengar) kan vere heilt frå 1037.Vanse kirkes historie gjennom 1000 år . Elles meiner ein at kyrkja er frå tidleg på 1200-talet.Ekroll, s. 246. Mellomalderkyrkja var ei langkyrkje som var for lita kring midten av 1800-talet. I 1848 hadde ein byrja på arbeidet med å utvide kyrkja til krosskyrkje då galleriet ein dag svikta under ei gudsteneste. Det braut ut panikk, og åtte personar vart trampa ihel og mange fleire skadde. Det gamle koret og austveggen vart rivne, og langkyrkja vart utvida til krosskyrkje.

På hausten i 1872 vart kyrkja råka av lynet og brann så berre murane stod att, men mykje av inventaret vart redda ut. Då kyrkja vart bygd opp att, fekk ho det vesttårnet ho framleis har.Digitalt museum – Gjenoppbygging av Vanse kirke Kyrkja vart restaurert i 1923–28 og 1953–54. Ved det siste høvet fekk ho sakristi i aust, og vindauga i austveggen i koret vart fjerna. Altarpariet vart fornya, og kyrkja fekk ny døypefont og glasmåleri i koret (av Bjarne Strand). I 1987 (950-årsjubileum basert på 1037) vart glasmåleri laga av Veslemøy Nystedt Stoltenberg installerte på vestveggen og i våpenhuset.

Fotnotar

Kjelder Vanse kirkes historie gjennom 1000 år

Bakgrunnsstoff

Lista kyrkjelyd

Kategori:Kyrkjer i Farsund Kategori:Kulturminne i Farsund Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Kyrkjer i Lister og Mandal prosti Kategori:Gustav Adolph Lammers Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Valkyrkjer i 1814