Peter Lorange () er ein norsk samfunnsøkonom (siviløkonom). Han er busett i Sveits, og er skiparen og eigaren av Lorange Institute of Business Zurich i Zürich, der han er arbeidande styreformann og rektor.

Lorange er utdanna som siviløkonom hjå Norges Handelshøyskole i Bergen, og tok seinare mastergrad ved Yale University, og etter dette Doctor of Business Administration ved Harvard University, som båe er private universitet i USA.

Lorange har vore rektor ved Handelshøyskolen BI i Oslo (1989-1993), professor ved Wharton School ved University of Pennsylvania i USA og Kristian Gerhard Jebsen Professor of International Shipping ved International Institute for Management Development (IMD) i Lausanne i Sveits. Han er forfattar av ein rad vitskaplege bøker og artiklar, og har seks æresdoktorgradar, mellom anna frå Lunds universitet i Sverige. I 2010 vart han utnemnd til kommandør av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen «for fortjenstfullt virke for fremme av norske næringslivsinteresser internasjonalt» «06.09.2010; Professor Peter Lorange, Sveits, er utnevnt til Fortjenstorden -Kommandør: H.M. Kongen har utnevnt norsk statsborger Peter Lorange, f. 1943, bosatt i Sveits, professor ved International Institute for Management Development i Lausanne, til Kommandør for fortjenstfullt virke for fremme av norske næringslivsinteresser internasjonalt.»

Peter Lorange er eigar av selskapet S. Ugelstad Invest AS.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff snl.no: Lorange (om ætta Lorange i Noreg, opphavleg frå Frankrike) Lorange Institute of Business Zurich Zurich Institute of Bussines Education: Peter Lorange

Kategori:Norske sosialøkonomar Kategori:Den Kongelege Norske Fortenesteorden