Izer Aliu () er ein norsk-makedonsk filmregissør. Han debuterte som regissør av kortfilmar i 2012 med Å vokte fjellet; eksamenfilmen hans ved Den Norske Filmskolen. Filmen fekk Amandaprisen i klassen for beste kortfilm i 2012.

Den neste kortfilmen hans var Det gode livet, der borte frå 2014, den vart nominert til Amandaprisen i klassen for beste kortfilm i 2014.

I 2016 debuterte Aliu som spelefilmregissør med filmen Fluefangeren. Han fekk Amandaprisen for beste regi for filmen i 2017. Same år vart Fluefangeren nominert til Nordisk råds filmpris frå Noreg.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske filmregissørar Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Makedonarar