Stig Sæterbakkens minnepris er ein norsk litteraturpris som vert utdelt årleg av forlaget Cappelen Damm. Prisen vart skipa i 2012 til minne om forfattaren Stig Sæterbakken og går til ein forfattar som skal ha gjeve ut to til fire skjønnlitterære bøker med «overtydande litterære kvalitetar». Prisen er på 100 000 kroner og eit kunstverk.

Prisvinnarar 2012 – Mette Karlsvik 2013 – Jan Roar Leikvoll 2014 – Kristin Berget 2015 – Tina Åmodt 2016 – Morten Langeland 2017 – Cathrine Knudsen 2018 – Bjørn Vatne 2019 – Aina Villanger 2020 – Joakim Kjørsvik 2021 – Victoria Kielland 2022 – Tore Kvæven

Kjelder

Kategori:Norske litteraturprisar Kategori:Prisar og utmerkingar skipa i 2012 Kategori:2012 i Noreg