Samaheej (arabisk سماهيجl, Samāhīj) er ein landsby i Bahrain på nordkysten av Muharraq. Landsbyen Al Dair ligg like i nordvest, medan Galali ligg i søraust. Landsbyen ligg nord for Bahrain internasjonale lufthamn.
Samaheej hadde eit nestoriansk kristent miljø i tidleg historie, og ein har funne fundamenta av eit gammalt nestoriansk kloster i landsbyen.
Før det vart oppdaga olje i Bahrain, dreiv dei fleste innbyggjarane med jordbruk, særleg daddelpalmar, og fiske.
Namnet Samahij kjem frå persiske se (tre) og mahi (fisk) og tyder «dei tre fiskane». Namnet har å gjere med den geografiske forma på området landsbyen ligg i.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Samaheej» frå , den 2. september 2017. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Bahrain