Shakhura (arabiskشاخورة , stundom skrive Shakura) er ein landsby som ligg nord og sentralt i Bahrain. Det er ein del av Nordguvernementet. Landsbyen er kjend for dei mange gravhaugane, som er nominert til å bli ein verdsarvstad.
Historie Det ligg ein eldgammal nekropolis i Shakhura, datert attende til Tylos-tida. Staden var estimert å ha vore busett frå kring 200-talet fvt. til 300-talet evt. Av særleg interesse var ein 80 meter lang og opp mot 12 meter høg gravhaug. Haugen vart øydelagd i 1990-åra for å gjere plass til moderne bygningar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shakhura» frå , den 2. september 2017. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Bahrain