mini|Msta-S 2S19 «Msta-S» (russisk Мста) er ein sjølvgåande 152,4 mm haubits utforma i Sovjetunionen. Han kom i teneste i 1989 som etterfølgjaren til 2S3 Akatsija. Kjøretøyet er basert på T-80-chassis, men er drive av T-72-dieselmotor.

Namngjevinga er etter elva Msta.

Utvikling Msta er ein moderne haubits designa for distribusjon anten som ein upansra haubits som må flyttast med traktor eller lastebil, eller monterast i pansra kjøretøy som sjølvdrive artilleri. Dagens produksjon av taua modell er kalla Msta-B, medan sjølvgåande modell er Msta-S (òg kjend under GRAU-indeks 2S19).

Utvikling av 2S19 starta i 1980 under namnet «Ferma». Prototypen vart kjend som Ob'jekt 316.

Operativ bruk mini|right|Kart frå 2015 over land som nyttar våpenet, farga blå. Land som ikkje nyttar våpenet meir er raudfarga. Msta-S-haubitsar vart brukte av den russiske hæren til å levera artillerield mot tsjetsjenske separatistar i løpet av den andre Tsjetsjenia-krigen.

Msta-S har òg vorte brukt i krigen i Donbass av den ukrainske hæren og dessutan pro-russiske separatistar som overtok minst eitt slikt våpen under konflikten.

Variantar 152 mm haubits 2A65 - ein slept versjon av den same haubits. 1K17 Szhatie - ei «laserstridsvogn» væpna med eit batteri av laserar meint å deaktivere optoelektroniske system; brukar Msta-S understell og tårn. 2S19M1 (2000) - forbetra versjon med automatisk leggesystem og GLONASS. 2S19M2 «Msta-SM» (2013) - Forbetra versjon utstyrt med eit nytt automatisk eldkontrollsystem som aukar stottakta. Digitale elektroniske kart er no (2012) tilgjengelege. 2S19M1-155 (2006) - 155mm eksport-versjonen av 2S19M1, utstyrt med eit L/52 røyr. 2S27 «Msta-K» - hjulvariant (K = kolyosnij), basert på eit 8x8 lastebilchassis. Det var fleire ulike prototypar, inkludert ein som er basert på ein KrAZ-ChR-3130 og to basert på Ural-5323 (med og utan tårn). 2S30 «Iste» - ein forbetra versjon, prototyp.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «2S19 Msta» frå , den 15. august 2017.

Kategori:Sjølvdrive artilleri Kategori:Våpen frå Sovjetunionen