«Hey! Baby» er ein song skriven av Margaret Cobb og Bruce Channel, og spelt inn av Channel i 1961. Songen vart først gjeven ut på LeCam Records, eit lokalt selskap i Fort Worth i Texas. Etter at songen vart ein hit, gav Smash Records ut songen nasjonalt. Songen gjekk til topps på Billboard Hot 100 og låg der i tre veker frå 10. mars 1962.

Songen har eit markant munnspelriff spelt av Delbert McClinton og trommer av Ray Torres. Andre musikarar på innspelinga er Bob Jones og Billy Sanders på gitar og Jim Rogers på bass. I følgje ein CNN-artikkel frå 2002 då dei turnerte i Storbritannia i 1962 med The Beatles, møtte McClinton John Lennon og gav han nokre munnspeltips. Lennon brukte det han hadde lært like etter på «Love Me Do» og seinare «Please Please Me». Lennon hadde ein versjon av songen på jukeboksen sin.

Songen vart nytta i filmen Dirty Dancing i 1987, i ein scene der Johnny og Baby dansar oppå trestammer.

Salslister Liste (1962)PlasseringU.S. Billboard Hot R&B Sides2UK Singles Chart2

Anne Murray-versjonen

Den kanadiske countrypopsongaren Anne Murray spelte inn songen i 1982, og denne nådde sjuandeplassen på den amerikanske Country Singles-lista og 26. plassen på Adult Contemporary-lista. Songen gjekk òg til topps på den kanadiske RPM country og adult contemporary-lista.

Salslister Liste (1982)PlasseringCanadian RPM Country Tracks1Canadian RPM Adult Contemporary Tracks1

DJ Ötzi-versjonen

Den austerrikske artisten DJ Ötzi spelte inn ein versjon av songen kalla «Hey Baby (Uhh, Ahh)». Han vart gjeven ut i juli 2000 som den første singelen frå debutalbumet hans Love, Peace & Vollgas. I 2002 vart han gjeven ut på ny som den uoffisielle kjenningsmelodien til Fotball-VM 2002.Songen gjekk til topps på salslistene i Storbritannia, Irland, Australia og Japan.

Den offisielle musikkvideoen syner mange forskjellige folk som syng med på songen i ein taxi, innimellom klipp av DJ Ötzi som syng på ein TV-skjerm.

Innhald CD Maxi-singel (Europa, 2000) «Hey Baby» (Uhh, Ahh) (Radio Mix) - 3:36 «Hey Baby» (Uhh, Ahh) (Club Mix) - 4:15 «Uh! Ah!» - 3:38

Lister

Vekeslister Liste (2000–02)PlasseringAustralia (ARIA)1Austerrike (Ö3 Top 40)«Hey! Baby», in various singles charts Lescharts.com (Retrieved April 10, 2008)4Danmark (IFPI)2Tyskland (Media Control Charts)German Singles Chart Charts-surfer.de (Retrieved April 10, 2008)11Irland (IRMA)Irish Singles Chart Irishcharts.ie (Retrieved April 10, 2008)1Nederland (Mega Top 100)65Noreg (VG-lista)9Sverige (Sverigetopplistan)3

Årslister Liste (2001)PlasseringUK Singles (Official Charts Company)5

Salstrofé

Andre versjonar Alabama spelte inn songen i 1997 på albumet Dancin' on the Boulevard med gjestevokal av Bruce Channel Arthur Alexander spelte songen i 1962 på albumet You Better Move On. Johnny Hallyday spelte songen på fransk i 1962 på plata Madison Twist. Jerry Lee Lewis spelte inn songen i 1967 for albumet hans Soul My Way. NRBQ spelte songen på debutalbumet frå 1969 for Columbia Records. Paul and Paula spelte songen i 1964 på albumet Paul and Paula Sing For Young Lovers. Don Partridge spelte songen i 1973 på albumet Don Partridge and Friends.«Don Partridge & Friends», Sonogram Records EFG 7344 (1973) Ringo Starr gav ut songen på singel, med «Lady Gaye», frå albumet Ringo's Rotogravure den 22. november 1976 i USA (nådde 74. plassen på US Pop) og 26. november i Storbritannia. Han hadde òg sampla songen på den tidlegare hitten sin, «A Dose of Rock 'n' Roll» (som nådde 26. plassen på US Pop). Juice Newton spelte songen i 1978 på albumet hennar Well Kept Secret. Bobby G. Rice gav ut ein versjon i 1970, og denne nådde 35. plassen på countrylista. Conway Twitty spelte songen i 1970 på albumet Fifteen Years Ago. Cooldown Café, eit nederlandsk band spelte inn songen i 2000. Denne vart ein topp 5 hit i Nederland. Crazy Frog spelte songen i 2006 på albumet More Crazy Hits.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hey! Baby» frå , den 17. august 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Singlar frå 2001 Kategori:Songar skrivne av Bruce Channel Kategori:Anne Murray-songar Kategori:Ringo Starr-songar Kategori:Bobby G. Rice-songar Kategori:Conway Twitty-songar Kategori:Juice Newton-songar Kategori:DJ Ötzi-songar Kategori:Songar produserte av Jim Ed Norman Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Smash Records-singlar Kategori:Del Shannon-songar Kategori:Pat Boone-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Charlie McCoy-songar Kategori:José Feliciano-songar Kategori:Crazy Frog-songar