Jerry Lee's Greatest er eit studioalbum av den amerikanske rock and roll- og rockabillypioneren Jerry Lee Lewis, gjeve ut i 1961 på Sun Records.

Bakgrunn Sjølv om Lewis var på Sun Records frå 1956 til 1963 - langt lengre enn Elvis Presley og Johnny Cash - gav Sun berre ut to album med Lewis, og det andre var Jerry Lee's Greatest i 1962. Delar av årsaka til dette var utan tvil at produsenten Sam Phillips mista entusiasmen etter det skandaløse ekteskapet mellom Lewis og det då 13 år gamle syskenbarnet Myra, som vart kjend under ein turné i Storbritannia i 1958, og stogga karrieren hans.

Jerry Lee's Greatest inneheld stort sett innspelinga frå den seinare tida til Lewis på Sun. AllMusic-skribenten Cub Koda skreiv at «Medan songar som «Let's Talk About Us», «What'd I Say», og «As Long as I Live» har sin eigen sjarm, er denne plata rett og slett ikkje der ein bør byrje ei Jerry Lee-samling...» Albumet inneheld den største hitten til Lewis, «Great Balls of Fire,» som ikkje var med på debutalbumet.

Innhald Side A

Side B

† Feiltrykt som «Country Music is Here to Stay» (Ferlin Husky) på den originale plata.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jerry Lee's Greatest» frå , den 28. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Jerry Lee's Greatest! på Allmusic Jerry Lee's Greatest! på Discogs Jerry Lee's Greatest! på Rate Your Music

Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Sun Records-album Kategori:Musikkalbum frå 1961 Kategori:Album produserte av Sam Phillips