mini|Le cimetière du Montparnasse mini|Le cimetière du Montparnasse og vindmølletårnet mini| Tårnet etter den tidlegare vindmølla, Moulin de la Charité, «Nestekjærleikens mølle» Cimetière du Montparnasse («Montparnasse-gravlunden») er ein gravlund i bydelen Montparnasse sør i Paris i Frankrike der mange namngjetne personar er gravlagde, dei fleste franske, men òg nokre utanlandske. Gravlunden ligg i 14e arrondissement, og er avgrensa av gatene la rue Froidevaux i sør, la rue Victor-Schœlcher i aust, le boulevard Edgar-Quinet i nord, le boulevard Raspail i nordaust, og la rue de la Gaîté i vest. Gjennom den austre delen av gravlunden går la rue Émile-Richard i retninga nord-sør.
Le cimetière du Montparnasse vart oppretta i byrjinga av 1800-talet. På staden hadde det tidlegare lege tre gamle gardsbruk. Men på 1600-talet hadde det vorte lagt ein privat gravlund her for Ordre des hospitaliers de Saint Jean de Dieu, ein religiøs orden skipa av den portugisiske Jean de Dieu (João Cidade), som vart heilagkåra i 1690. På byrjinga av 1800-talet kjøpte prefekten i departementet Seine dette arealet for at det skulle brukast som gravlund for byen, og den fyrste gravferda gjekk føre seg 25. juli 1824. På gravlunden er det katolske, protestantiske, jødiske og muslimske graver.
Gravlunden er på 19 hektar, og er såleis eit av dei største grøntområda i byen. Her er det om lag 1200 tre av ulike artar. På gravlunden står framleis eit tårn etter ei av dei mange vindmøllene til maling av korn som det i si tid var i dette området, som vart kalla Parc de Montsouris et du Montparnasse. Tårnet vart freda som monument historique 2. november 1931.
Vidgjetne personar gravlagde på Montparnasse-gravplassen mini|Grava til forfattarane Jean-Paul Sartre og Simone de Beauvoir mini|Grava til Émile Durkheim mini|Kenotaf (gravmonument på ei tom grav), over den franske poeten Leconte de Lisle (1818-1894), . Grava hans vart flytta til ein gravplass i Saint-Paul på Réunion i 1977, der han var fødd. På kolonnen er skrive det siste verset av diktet In excelsis (Poèmes barbares), : «Lumière, où donc es-tu ? Peut-être dans la mort.» (Ljos, kor er du då? Kan hende i døden.), Aleksandr Alekhin (død 1946), verdsmeister i sjakk Georges Auric (død 1983), komponist Théodore de Banville (død 1891), diktar Raymond Barre (død 2007), statsminister Frédéric Bartholdi (død 1904), skulptør Charles Baudelaire (død 1867), poet Jean Baudrillard (død 2007), filosof Simone de Beauvoir (død 1986), forfattar, feminist og filosof Jacques Becker (død 1960), filmregissør Samuel Beckett (død 1989), forfattar William-Adolphe Bouguereau (død 1905), kunstnar Antoine Bourdelle (død 1929), skulptør Constantin Brancusi (død 1957), skulptør Aristide Cavaillé-Coll (1811–1899), orgelbyggjar Jacques Chirac (1932-2019), fransk politikar, president i Frankrike André Citroën (død 1935), bilkonstruktør Gaspard-Gustave Coriolis (død 1843), matematikar og ingeniør Maurice Couve de Murville (død 1999), statsminister Julio Cortázar, (død 1984), argentinsk forfattar, fødd i Belgia Aimé-Jules Dalou (død 1902), skulptør Jacques Demy (død 1990), filmregissør og -produsent Paul Deschanel (død 1922), president Robert Desnos (død 1945), poet
Porfirio Díaz (død 1915), president i Mexico Alfred Dreyfus (død 1935), offiser Marguerite Duras (død 1996), forfattar Émile Durkheim (død 1917), sosiolog Henri Fantin-Latour (død 1904), kunstnar Léon-Paul Fargue (død 1947), poet Ernest Flammarion (død 1936), forleggjar César Franck (død 1890), komponist Othon Friesz (død 1949), kunstmålar Serge Gainsbourg (død 1991), songar Charles Garnier (død 1898), arkitekt François Gérard (død 1837), kunstnar Alexandre Guilmant (død 1911), komponist Brassaï (Gyula Halasz), (død 1984), fotograf Jean-Antoine Houdon (død 1828), skulptør Joris-Karl Huysmans (død 1907), forfattar Eugène Ionesco (død 1994), forfattar Antoine Laurent de Jussieu (død 1836), botanikar Joseph Kessel (død 1979), forfattar Adamantios Korais (død 1833), gresk forfattar og filosof Jean-Baptiste de Lamarck (død 1829), biolog Pierre Larousse (død 1875), leksikonredaktør Alphonse Laveran (død 1922), , lege Urbain Le Verrier (død 1877), matematikar og astronom André Lhote (død 1962), kunstmålar og skulptør Guy de Maupassant (død 1893), forfattar Vatslav Nizjinskij (død 1950), dansar Philippe Noiret (død 2006), , skodespelar Mathieu Orfila (død 1853), , toksikolog Jean-Claude Pascal (død 1992), , songar og skodespelar Henri Poincaré (død 1912), matematikar Pierre-Joseph Proudhon (død 1865), anarkistisk teoretikar Edgar Quinet (død 1875), , forfattar og historikar Man Ray (død 1976), kunstnar, fotograf Paul Reynaud (død 1966), politikar Eric Rohmer (død 2010), filmskapar François Rude (død 1855), skulptør Charles Augustin Sainte-Beuve (død 1869), forfattar Camille Saint-Saëns (død 1921), komponist Jean-Paul Sartre (død 1980), filosof Susan Sontag (død 2004), amerikansk forfattar Chaim Soutine (død 1943), kunstmålar Henri Troyat (død 2007), forfattar Tristan Tzara (død 1963), forfattar César Vallejo (død 1938), , peruansk diktar Louis Vierne (død 1937), , komponist Adolphe Willette (død 1926), kunstnar Ossip Zadkine (død 1967), skulptør
Bakgrunnsstoff
Om soga til Cimetière du Montparnasse Adresse og opningstider for Cimetière du Montparnasse
Kategori:Gravstader Kategori:Paris Kategori:Montparnasse