Toril Hetland Akerhaugen () er ein norsk tidlegare fotballspelar som vann EM-sølv med Noreg i 2013.

Aktiv Akerhaugen spelte på Lørenskog IF i 2000. Frå 2001 til 2015 var ho aktiv i toppklubben Asker SK og etterfylgjaren Stabæk IF. Forsvarsspelaren deltok i 229 obligatoriske kampar med Asker og Stabæk og skåra eitt einaste mål. Gjennom dei femten sesongane i Asker og Stæbæk var ho med å vinne to cupgull og like mange seriemeisterskap.

Frå debuten i 2006 til 2013 spelte Akerhaugen 59 landskampar for Noreg. Ho var med i EM-troppa i 2009 og spelte venstreback i EM-finalen mot Tyskland i 2013.

Merittar EM-sølv: 2013 Noregsmeister: 2005 og 2012 med Asker SK/Stabæk IF Norsk seriemeister: 2010 og 2013 med Stabæk IF

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Toril Hetland Akerhaugen» frå , den 17. juli 2017.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo