«The Girl Can't Help It» er ein song av Bobby Troup og kjenningsmelodien til filmen The Girl Can't Help It. Han vart framført av Little Richard og vart gjeven ut i desember 1956. I USA nådde songen 49. plassen på Billboard Top 100-lista og sjuandeplassen på R&B Best Sellers-lista. I Storbritannia nådde songen niandeplassen på den britiske singellista. Songen vart plassert på 420. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Andre versjonar

The Animals spelte songen på debutalbumet sitt, The Animals i 1964. Songen vart òg spelt av The Everly Brothers i 1965, i 1969 av The Flamin' Groovies, i 1970 av Led Zeppelin, i 1975 av Mick Ronson og i 2001 av Babes in Toyland.

Den amerikanske songaren Fergie sampla songen i 2007 på singelen «Clumsy» og vart sidan covra av LMFAO.

Melodien til Emerson, Lake & Palmer-songen «Are You Ready Eddy?», frå albumet Tarkus, er basert på «The Girl Can't Help It».

Musikken er blitt nytta i filmen Pink Flamingos frå 1972, regissert av John Waters.

Ein versjon med motsett kjønn, «The Boy Can't Help It», vart spelt inn av Bonnie Raitt i 1979 på albumet The Glow.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Girl Can't Help It (song)» frå , den 17. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff The Girl Can't Help It Little Richard YouTube

Kategori:Singlar frå 1956 Kategori:Songar skrivne av Bobby Troup Kategori:Little Richard-songar Kategori:Specialty Records-singlar Kategori:Songar frå 1956 Kategori:The Animals-songar Kategori:Conway Twitty-songar Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:The Flamin' Groovies-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Delaney & Bonnie-songar Kategori:Mick Ronson-songar Kategori:Bonnie Raitt-songar Kategori:Showaddywaddy-songar 420