4fjell er ein årleg turkonkurranse i Aure kommune på Nordmøre som går ut på å ha vore på toppen av minst fire av fjella i kommunen i løpet av sesongen.
Om 4fjell Turkonkurransen 4fjell har vore ein årviss tradisjon sidan oppstarten i 1995. 4fjell vert arrangert av Aure Idrettslag,Aure Idrettslag Ertvågsøya IL, Tustna IL, Aure Idrettsråd og Aure Næringsforum som i samarbeid sørgjer for merking av stiar, utlegging av bøker på turmåla og premiering.
Premiering
Den som har vore på toppen av 4 fjell får tilsendt eit deltakarmerke i posten. I tillegg er det varierande grad av premiering i ymse årsklassar og etter kor mange fjell ein har vore på.
Oversikt over fjell
Talet i årskolonnen fortel meir eller mindre kva vanskegrad turen har, der 1 er lettast og 10 er tyngst.
Fjell Høgd Kor 2018 2017 Krokvatnet 236 Ertvågsøya 1 1 Steinen 315 Tustna 2 Langheia 463 Aure 3 Ålmomannen 472 Ertvågsøya 5 4 Runden 609 Tustna 6 5 Storbrannfjellet 354 Skarsøya 6 Ormsetfjellet 594 Ormset 7 7 Storklakken 767 Klakkan 8 8 Bergefjellet 595 Ertvågsøya 9 Skarven 896 Tustna 10 10Nauthatten170Tustna2Østbatteri/Støttepunkt30Skarsøya3Mebakkfjellet/Fævelfjellet425Aure4Korsbekkfjellet694Ertvågsøya9
Kjelder
Kategori:Skipingar i 1995 Kategori:Aure kommune Kategori:Idrett i Møre og Romsdal