«Who Do You Love?» er ein song skriven av den amerikanske rock and roll-pioneren Bo Diddley. Songen vart spelt inn i 1956 med ein tekst som kombinerer hoodoo-aktige bilete og skryt. Det er ein livleg rockelåt, men originalversjonen hadde ikkje den vanlege Bo Diddley-rytmen hans.

«Who Do You Love?» var ein del av repertoaret til Bo Diddley gjennom heile karrieren hans. Songen er blitt tolka av mange andre musikarar opp gjennom åra, ofte med Bo Diddley-rytme. Populære versjonar vart spelt inn av Ronnie Hawkins og George Thorogood, The Woolies, Tom Rush, Quicksilver Messenger Service, og Juicy Lucy.

Utgjeving og mottaking I 1956 vart songen gjeven ut på singel av Checker Records, men nådde ikkje singellistene. Han nådde eit større publikum då han vart med på det første albumet hans, Bo Diddley, som kom ut i 1958. «Who Do You Love?» kom òg ut på mange seinare samleplater, som His Best.

I 1967 spelte Bo Diddley inn ein oppdatert versjon av songen med Muddy Waters og Little Walter for albumet Super Blues. Han spelte igjen inn songen i 1987 for filmmusikken til La Bamba. Willie Dixon produserte songen og Los Lobos akkompagnerte.

I 2004 rangerte magasinet Rolling Stone Bo Diddley sin originalversjon på 133. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. I 2010 la National Academy of Recording Arts and Sciences songen til Grammy Hall of Fame Award.

«Who Do You Love?» er blitt tolka av mange andre musikarar. Visesongaren Tom Rush spelte inn songen i 1966 for albumet Take a Little Walk with Me.

Ein psykedelisk rockeversjon av The Misunderstood vart spelt inn i 1966 og gjeven ut som B-sida til «I Can Take You to the Sun» på Fontana Records. Misunderstood-gitaristen Glenn Ross Campbell omarbeidde «Who Do You Love» med det seinare bandet sitt, Juicy Lucy, og denne nådde 14. plassen på UK Singles Chart i 1970.

The Woolies spelte inn «Who Do You Love» i ein tidleg amerikansk garageband-stil og denne nådde 97. plassen på Billboard Hot 100 i 1967. Andre versjonar er spelte inn av The Blues Project, The Doors, Carlos Santana og Jesus and Mary Chain.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Who Do You Love? (Bo Diddley song)» frå , den 10. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1956 Kategori:Bluessongar Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:Songar skrivne av Bo Diddley Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Checker Records-singlar Kategori:Bo Diddley-songar Kategori:George Thorogood-songar Kategori:Tom Rush-songar Kategori:Quicksilver Messenger Service-songar Kategori:The Doors-songar Kategori:UFO-songar Kategori:The Band-songar Kategori:Townes van Zandt-songar Kategori:Carols Santana-songar Kategori:The Jesus and Mary Chain-songar Kategori:Golden Earring-songar Kategori:Johnny Winter-songar Kategori:Grateful Dead-songar 133