«Worried Life Blues» er ein bluesstandard og ein av dei mest innspelte bluessongane gjennom tidene. Han vart opphavleg spelt inn av Major «Big Maceo» Merriweather i 1941 og «Worried Life Blues» var ein tidleg blueshit og den mest kjende songen ti Maceo. Ein tidlegare song var inspirasjonskjelda og fleire artistar har hatt suksess med tolkingar av denne songen.

Bakgrunn «Worried Life Blues» er basert på «Someday Baby Blues» er innspelt av Sleepy John Estes i 1935. Estes-songen vart framført som ein countryblues med song og gitar, medan Maceo-songen er ein prototypisk Chicago blues.

Big Maceo spelte inn «Worried Life Blues» 24. juni 1941, kort tid etter han kom til Chicago. Lester Melrose produserte songen og det vart den første singelen til Maceo på Bluebird Records. Songen er i middels tempo og ein 8-taktsblues med Maceo på vokal og piano, akkompagnert av samarbeidspartnaren og gitaristen Tampa Red med Ransom Knowling på bass. Musikkskribenten Keith Shadwick identifiserer songen som ein stor hit og blueshistorikaren Jim O'Neal skreiv at han «overgjekk songen som han var inspirert av». Både «Someday Baby» og «Worried Life» vart gjevne ut før Billboard eller liknande tenester byrja å registrere slike utgjevingar. Fleire andre utgåver følgde kort tid etter, mellom andre av Bill Gaither (1941), Sonny Boy Williams (1942), og Honeyboy Edwards (1942). I 1945 spelte Maceo inn ein ny versjon med meir tekst, og igjen vart han akkompagnert av Tampa Red. Denne vart kalla «Things Have Changed», og nådde fjerdeplassen på Billboard's Race Records-lista.

Innverknad «Worried Life Blues» vart tidleg ein bluesstandard og var blant dei første songane som vart innlemma i Blues Foundation Hall of Fame i 1983 som ei «klassisk bluesinnspeling». I 2006 fekk songen ein Grammy Hall of Fame Award. I løpet av åra har mange artistar spelt inn «Worried Life Blues» eller ein blanding av denne, «Someday Baby Blues», og andre element, og han er blitt ein av dei mest innspelte bluessongane gjennom tidene. Då Charles Brown omarbeidde songen til ein West Coast bluessong kalla «Trouble Blues», vart han ein av dei største hittane i 1949 og låg 15 veker på toppen av Billboard's Race Records/Rhythm & Blues Records-lista.Whitburn 1988, p. 57. I 1955 spelte Muddy Waters inn songen som «Trouble No More» i ein Chicago blues-stil og denne nådde sjuandeplassen på R&B-lista.Whitburn 1988, p. 435. Junior Parker spelte inn songen i 1969 og då nådde han 34. plassen på lista.Whitburn 1988, p. 319 B.B. King gjekk inn på 48. plassen på singellista i 1970 med «Worried Life» (opphavleg spelt inn som «Someday Baby» i 1960).Whitburn 1988, p. 239.B.B. King spelte songen òg inn i 1970 som «Ain't Gonna Worry My Life Anymore» for Indianola Mississippi Seeds og i 2000 med Eric Clapton for Riding with the King.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Worried Life Blues» frå , den 4. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff The Animals-versjonen:

Kategori:Songar frå 1941 Kategori:Bluessongar Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Junior Parker-songar Kategori:B.B. King-songar Kategori:The Animals-songar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:Ray Charles-songar Kategori:John Lee Hooker-songar Kategori:Jimmy Reed-songar Kategori:Blues Magoos-songar Kategori:Magic Slim-songar Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Knut Reiersrud-songar