Chuck Berry Twist er det første samlealbumet til Chuck Berry, gjeve ut av Chess Records i februar 1962, medan Berry sat i fengsel. Tittelen var eit forsøk på å utnytte den nye dansebølgja som herja då, Twist, som vart introdusert av Chubby Checker i 1960, sjølv om ingen av songane på plata var i twist-stil (dei fleste songane kom ut før dansen vart introdusert). Albumet vart gjeve ut eit par år seinare med ein ny tittel, More Chuck Berry. Eit album med denne tittelen kom ut i Storbritannia på Pye International Records i 1964, med same omslag, men ei heilt anna sporliste.

Mottaking I ei undersøking blant musikkritikarar i 1978 kåra Robert Christgau albumet til det fjerde beste albumet gjennom tidene.

Innhald

Amerikansk versjon

Britisk versjon

Medverkande Chuck Berry – vokal, gitar Willie Dixon – bass Johnnie Johnson – piano Jasper Thomas – trommer Ebby Hardy – trommer Jerome Green – maracas Otis Spann – piano J. C. Davis – tenorsaksofon Fred Below – trommer Lafayette Leake – piano George Smith – bass Etta James – korvokal The Marquees – korvokal Martha Berry – korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chuck Berry Twist» frå , den 5. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Chuck Berry-album Kategori:Samlealbum frå 1962 Kategori:Chess Records-album Kategori:Album produserte av Leonard Chess Kategori:Album produserte av Phil Chess