Regjeringa Knudsen II, Gunnar Knudsen si andre regjering var ei norsk regjering som sat frå 31. januar 1913 til 21. juni 1920. Regjeringa var ei flertalsregjering frå Venstre.
Ved stortingsvalet i 1918 mista Venstre 22 mandat, og kom i mindretal i Stortinget. Regjeringa Knudsen søkte avskjed 4. februar 1919, men blei bedd om å halde fram av kong Haakon VII. Den 16. juni 1920 søkte regjeringa avskjed att, etter at ho ikkje hadde fått støtte i Stortinget for ein stram økonomisk politikk. Avskjed vart innvilga i statsråd 19. juni, med verknad frå 21. juni 1920.
Regjeringa vart etterfylgt av Regjeringa Halvorsen I (H og FrV).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gunnar Knudsens andre regjering» frå , den 25. juni 2017, revisjon 14756925
Knudsen 2