Oligodendrocyttmyelin-glykoprotein (OMgp) er eit glykoprotein lenkja til glykosylfosfatidylinositol (GPI) og uttrykt i sentralneversystemet. GPI-delen ankrar proteinet i yta av sellemebranen. OMgp er sterkt glykosylert og har ein masse etter endring på 120 kilodalton. Før endring er det estimert til å ha ein masse på kring 46 kDa.

Oligodendrocyttmyelin-glykoprotein kan binda seg til retikulon-4-reseptoren. I utrøyningar i sellekultur hemjar det utveksten av nevrittar frå nerveseller.

Oligodendrocyttmyelin-glykoprotein vert laga av både oligodendrocyttar og nerveseller. Det vert koda for av OMG-genet, som ligg inne i eit stort intron for NF1-genet. OMG-genet finst vantar hjå ein del strålefinnefiskar (til dømes hjå torsk; det finst hjå sebrafisk), men finst hjå amfibium, reptil, fuglar og mange pattedyr. Difor ser det ut til at oligodendrocyttmyelin-glykoproteinet kom til samstundes med myelin.

Kjelder

Kategori:Membranprotein