«Wee Wee Hours» er ein song skriven og framført av Chuck Berry i 1955. Han var opphavleg B-sida til den første singelen hans, «Maybellene», og vart ein hit som nådde tiandeplassen på Billboard R&B-lista.

Songen er ein 12-taktsblues, skildra som ein «langsam, sensuell blues med glimrande pianospel av Johnnie Johnson». «Wee Wee Hours» var på demolydbandet som Berry gav til Leonard Chess i håp om å få platekontrakt med Chess Records. Sjølv om han verka å passe godt inn i lag med lista av blues selskapet gav ut,«I wanted to play the blues ... But I wasn't blue enough. We always had food on the table.» var Chess meir interessert i songen som vart «Maybellene». Dette vart songen som lanserte Berry som rock and roll-stjerne.

Berry spelte ofte songen live, og eit konsertopptak frå 1969 finst på albumet Chuck Berry Live in Concert og i filmen Hail! Hail! Rock 'n' Roll frå 1987.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wee Wee Hours» frå , den 27. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1955 Kategori:Bluessongar Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:Songar skrivne av Chuck Berry