«She Thinks I Still Care» er ein countrysong skriven av Dickey Lee og Steve Duffy. Songen er blitt spelt inn av mange artistar, som George Jones, Connie Francis, Anne Murray, Elvis Presley og Patty Loveless.
George Jones-versjonen I følgje boka til Bob Allen, George Jones: The Life and Times of a Honky Tonk Legend, hadde Jones først høyrt songen då Jack Clement spelte songen for han i Gulf Coast Studio i Beaumont, som Clement eigde med Bill Hall. Songen vart skriven av Dickie Lee Lipscomb og Steve Duffy, to profesjonelle låtskrivarar som var under kontrakt med forlaget til Clement, så Clement ivrig etter å få Jones til å spele han inn. I følgje Allen viste Jones lita interesse og sa «Eg likar han ikkje noko særleg. Det er for mange 'just because' i teksten. Eg trur ikkje nokon vil høyre den skiten, syns du?» Fryktlaus fortsette både Clement og Hall å føreslå songen til Jones. Jones sjølv har seinare sagt at han vart særs begeistra då han først høyrde songen. Jones gav ut songen i april 1962 som den første singelen hans på United Artists og nådde toppen av Billboard-lista. B-sida, «Sometimes You Just Can't Win», nådde 17. plassen på countrylista. «She Thinks I Still Care» var ein av sju singlar Jones fekk inn på lista i 1962, og hausten 1963 reiste han til New York City og framførte songen på Jimmy Dean sitt show på ABC.
Andre versjonar
Connie Francis spelte inn songen som «He Thinks I Still Care» 18. juni 1962 i Columbia Recording Studio i Nashville, som vart produsert av Danny Davis og Jim Vienneau. Songen vart i september 1962 gjeven ut som B-sida til «I Was Such A Fool (To Fall In Love With You)», men fekk nok merksemd på eigahand til å nå 57. plassen på på Billboard Hot 100 (51. plassen på Cash Box Pop 100). Little Willie John spelte inn songen i 1962. Bill Haley & His Comets spelte inn ein spanskspråkleg versjon av songen kring 1964. Cher spelte inn songen as «He Thinks I Still Care» in 1965 for her debut solo album All I Really Want To Do. Jerry Lee Lewis spelte songen i 1966 på albumet Memphis Beat. Merle Haggard spelte inn songen i 1969 for albumet A Portrait of Merle Haggard og spelte inn songen igjen i 2006 for album med Jones Kickin' Out the Footlights...Again. Seint i 1970-åra spelte The Kendalls inn songen med den kjønnsnøytrale tittelen «You Think I Still Care». Michael Nesmith, tidlegare i The Monkees, spelte inn ein versjon av songen i 1972 på albumet Tantamount to Treason Vol. 1. Leon Russell spelte inn songen i 1973 på albumet Hank Wilson's Back. Glen Campbell spelte inn songen i 1973 på albumet Glen Travis Campbell Anne Murray omgjorde songen til «He Thinks I Still Care» i 1973 Danny's Song og i 1974 vart songen gjeven ut på B-sida til Murray sin versjon av Lennon–McCartney-songen «You Won't See Me». Medan «You Won't See Me» nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 og førsteplassen på Billboard Easy Listening Singles-lista, vart «He Thinks I Still Care» spelt på countryradio. I juli vart «He Thinks I Still Care» den første førsteplassen hans på Billboard Hot Country Singles-lista. Tidleg i 1977 vart songen ein hit for Elvis Presley, som B-sida til countryhitten «Moody Blue». Kirsty MacColl spelte inn songen i 1981 på albumet Desperate Character. James Taylor spelte ofte songen på konsertane sine, og eit opptak finst på albumet Live. Teddy Thompson inkludert ein versjon i 2007 på plata Upfront & Down Low. Patty Loveless spelte inn songen i 2008 på albumet Sleepless Nights. Watkins Family Hour spelte inn songen på debutalbumet sitt i 2015.
Lister
George Jones Liste (1962)Plassering
Connie Francis Liste (1962)PlasseringU.S. Billboard Easy Listening18
Anne Murray Liste (1974)PlasseringCanada RPM Country Tracks11
Kjelder Denne artikkelen bygger på «She Thinks I Still Care» frå , den 26. juni 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Songar skrivne av Dickey Lee Kategori:Anne Murray-songar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Connie Francis-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Glen Campbell-songar Kategori:George Jones-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:MGM Records-singlar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar