Abraham Wilhelm Støren Munthe () var ein norsk bibliotekmann frå Oslo. Han var far til økonomen Preben Munthe.

Munthe vart utdanna cand.philol. ved universitetet i Kristiania i 1911. Han arbeidde på Universitetsbiblioteket frå 1908, der han var overbibliotekar i tida 1922-53. Elles var han med å skipe Videnskapelige Tjenestemenns Landsforening og Norske Statsbibliotekarers Forening, der han var formann 1920-25. Også formann 1940-46 i Den Norske Turistforening og frå 1952 i Norsk Slektshistorisk Forening.

Munthe gav ut fleire bøker, mellom dei Statsborgeren og Peder Soelvold i 1907, De norsk bibliotekers historie i 1927, Litterære falsknerier i 1942, Boknåm i 1943 og Professor Ludvig Daae i1944.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958 Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Munthe» frå , den 26. juni 2017.

Kategori:Norske bibliotekarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Oslo