mini|Korjakområda i Russland. mini|Korjakisk seremoni der ein starter den nye elden. Korjakar er ei folkegruppe frå Kamtsjatkahalvøya i austlege Russland. Rundt 8 000 menneske høyrer til gruppa. Dei lever først og fremst i Kamtsjatka kraj.

Korjakar har mykje til felles med nabogruppa tsjuktsjiar, og begge bruker nemninga luorawetlan (; eintal ), som tyder 'det verkelege folket', om seg sjølv.

Språk

Korjakar talar språket korjakisk som er nært i slekt med tsjuktsjisk og høyrer til språkfamiljen tsjukotko-kamtsjatkiske språk.

Historie mini|Korjakar tek imot ein kval.

Korjakane levde i eit område som strekte seg heilt til nivkhområda i dagens Khabarovsk kraj fram til evenar kom til området og trengde dei ut til dagens område.Friedrich and Diamond Talet på korjakar blei kraftig redusert av ein kopparepidemi i 1769-1770 og krigar mot russiske kosakkar, frå rundt 10-11 000 folk i 1700 til 4 800 i 1800.«Indigenous Peoples of the Russian North, Siberia and Far East», Arctic Network for the Support of the Indigenous Peoples of the Russian Arctic I den russiske folketeljinga frå 2010 var det 7 953 korjakar. (russisk)

Før Russland tok kontroll over regionen levde korjakane i patriarkale storfamiliar. Nokre familiar var nomadiske og levde av reindrift. Andre levde fast i landsbyar og levde av jakt eller kvalfangst. Kvalfangsten deira gjekk tilbake på 1800-talet då talet på kvalar gjekk kraftig ned grunna industriell kvalfangst frå andre land. I staden auka fiske i tyding for korjakane. I den sovjetiske tida blei også dei nomadiske gruppen bufaste.

Under Sovjetunionen blei det autonome distriktet Korjakia skipa i 1931. Etter ei lokal folkerøysting i 2005 blei det slått saman med Kamtsjatka kraj frå 1. juli 2007.

Sosialt liv mini|Kvinne i moderne korjakklede. Tradisjonelt levde korjakane i koniske telt kalla tsjum dekte med mange skinn av til dømes reinsdyr. Midt i teltet var ein årestad som i dag gjerne er blitt bytta ut med ein jernomn. Senger med reinsdyrskinn på låg på austsida av teltet, som også hadde små skåp til å lagra mat, klede og andre eigedelar. Desse bygningane blir framleis brukt i dag, men mange korjakar bur no også i trehus.

Klede var tradisjonelt av skinn, igjen gjerne reinsdyr. Menn hadde lause bukser og ei skinnskjorte som ofte hadde hette. Medan ein i dag gjerne har gått over til å bruka tekstilklede, bruker dei framleis ofte tradisjonelle hattar og støvlar av skinn. Kvinner hadde liknande klesdrakt som menn, men med lengre skjørt som nådde leggen. I dag bruker kvinner gjerne hovudtørkle og skjørt av tekstilar, men bruker reinsdyrkåper i kaldt vêr.

Religion mini|Korjakisk sjaman. Dei flesta korjakane følgjer framleis tradisjonell sjamanisme. Mytologien krinsar rundt ein overnaturleg sjaman Quikil (Stor-ramn), som var den første mannen og vernar om korjakane. Ramnemyter finst også hjå tlingitfolk og tsimshianfok på Haida Gwaii og andre urfolk i Alaska.Chaussonnet, s. 28-29

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Korjaker» frå , den 19. juni 2017. oppgav desse kjeldene: Tysk Wikipedia Denne artikkelen bygger på «Koryaks» frå , den 19. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Chaussonnet, Valerie (1995) Native Cultures of Alaska and Siberia. Arctic Studies Center. Washington, D.C. 112p. ISBN 1-56098-661-1 Friedrich and Diamond (1994) Encyclopedia of World Cultures: Russia and Eurasia- China. Volume 6. G.K.Hall and Company. Boston, Massachusetts. ISBN 0-8161-1810-8 Kolga, Margus (2001) The Red Book of the Peoples of the Russian Empire. NGO Red Book. Tallinn, Estonia 399p ISBN 9985-9369-2-2 Gall, Timothy L. (1998) Worldmark Encyclopedia of Cultures and Daily Life:Koriaks. Detroit, Michigan: Gale Research Inc. 2100p. ISBN 0-7876-0552-2

Bakgrunnsstoff

www.koryaks.net - kultur, språk og historie, av Alexander King, Aberdeen universitet. Die Korjaken, die Itelmenen, av radio Stimme Russlands

Kategori:Folkegrupper i Russland Kategori:Kamtsjatka kraj