Paraskevi «Voula» Patoulidou () er ein gresk tidlegare friidrettsutøvar frå Flórina i det nordlege Hellas. Ho vart olympisk meister i 100 meter hekk i 1992.

Aktiv Både under friidretts-EM 1990 og VM 1991 tok Patoulidou seg til semfinalane på 100 meter, så vel som på 100 m hekk. Før dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona hadde ho ein personleg rekord på 12,96 sekundar på 100 m hekk, øvinga ho konsentrerte seg om under leikane. Ho sette der personleg rekord med 12,88 då ho vart nummer tre i den andre semifinalen. I finaleløpet leia favoritten Gail Devers frå USA klart til ho snubla i siste hekken og fall over målstreken. Med eit perfekt gjennomført løp tok Patoulidou seg opp til andreplassen mellom nest siste og siste hekkepassering. Inn til mål heldt ho unna mot LaVonna Martin og Jordanka Donkova, dei to andre medaljevinnarane, og vann gullmedaljen på tida 12,64.

Etter OL-triumfen lukkast Patoulidou aldri å markere seg i internasjonale tevlingar, ho konkurrerte då oftast i lengdehopp og på 100 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Utslått i forsøka på 100 m (11,85 =nr 41) EM 1990 i Split: Utslått i semifinalane på 100 m hekk (13,07 =nr 11) og 100 m (=nr 13) VM 1991 i Tokyo: Utslått i semifinalane på 100 (11,51 =nr 14) og i kvartfinalane på 100 m hekk (13,41) OL 1992 i Barcelona: Gull i 100 m hekk – 12,64, framom LaVonna Martin (12,69) VM 1995 i Göteborg: Utan resultat i lengdehopp OL 1996 i Atlanta: Nr 10 i lengdehopp – 6,37 m VM 1997 i Aten: Utslått i lengdehopp (5,90 m =nr 36) VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa i 4 x 400 m stafett OL 2000 i Sydney: Utslått i forsøka på 100 m (11,65 =nr 46)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Voula Patoulidou» frå , den 16. juni 2017.

World Athletics

Kategori:Greske hekkeløparar Kategori:Greske lengdehopparar Kategori:Greske sprintarar Kategori:Olympiske meistrar for Hellas Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004