Hovudstadsguvernementet (arabisk محافظة العاصمة; Muhafazat al-'Asimah) er eit av fire guvernement i Bahrain. Guvenementet omfattar Manama, hovudstaden i Bahrain.

Skiping Hovudstadsguvernementet vart danna etter ein kongeleg resolusjon 3. juli 2002. Det noverande guvernementet omfattar kommunane Al Manamah, Ras Rumman og delar av Jidd Haffs.

Demografi I følgje ei folketeljing i 2010, var det 329 510 innbyggjarar i Hovudstadguvernementet; 261 921 ikkje-bahrainske borgarar og 67 589 bahrainske statsborgarar. Dei fleste av bustadane i Hovudstadguvernementet er leiglegheiter, i alt kring 34 000 stykk. Einebustader er den nest vanlegaste bustaden, litt over 7 000 i alt.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Capital Governorate, Bahrain» frå , den 16. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Guvernement i Bahrain