Husmusa (Mus musculus) er ein gnagar som høyrer til musefamilien. Musene kan kjennast att på den mørkt gråbrune pelsen med gultonar på ryggen og sidene, smussgrå buk og gulgrå føter og tær, føtene er skittenbrune med kvite ytre tåledd. Halen til husmusa er om lag like mørk på undersida som på oversida, mens halen til skogsmusa er tydeleg lysare på undersida. Eit sikkert kjenneteikn hos husmusa er eit lite, men skarpt hakk på baksida av framtennene.
mini|Øvre framtenner med tydeleg hakk
Den har ei kroppslengd på , hale på og ei vekt på . Husmusa har ikkje veldig godt syn, men velutvikla høyrsle- og kjenslesansar.
Husmus kan haldast som kjæledyr og laboratoriedyr. Ho blir mykje brukt som modellorganisme.
Kjelder Nomor.se
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musefamilien Kategori:Pattedyr i Noreg Kategori:Kjæledyr