Sørsamisk fonologi, eller sørsamisk lydlære, er grammatikken til språklydane i sørsamisk.

Vokalar

Sørsamisk har åtte korte vokalar: i, e, æ, a, y, ü, u, o. Sett opp i vokalfirkanten, med IPA-symbol, får vi dette biletet (Jf. Bergsland 1982):

  fremre midtre bakre lukka         halvopen   open          

I tillegg har sørsamisk tre lange vokalar og ni diftongar:

  fremre midtre bakre lukka           halvopen             diftong             open            

Konsonantar

Tabellen viser konsonantfonema i sørsamisk, stemt før og ustemt etter bølgjestreken (Bergsland 1982).

Labial Alveolar Palatal Velar Uvular Klusilar p ~ b t ~ d   k ~ g   Affrikatar   ʦ ~   ʧ ~       Frikativar f ~ v s ~ r ʃ ~ j   h ~   Nasalar   ~ m   ~ n   ~ ɲ   ~ ŋ   Approksimantar     ~ l      

Suprasegmental fonologi

Ein suprasegmental fonologisk prosess er ein prosess som involverer meir enn eitt segment, dvs. meir enn ein lyd.

Sørsamisk stavingsstruktur

Omlyd

Sørsamisk skil seg frå dei andre samiske språka ved at det ikkje har stadieveksling. Derimot har sørsamisk omlyd, dvs. rotvokalen varierer etter vokalen i bøyingssuffikset. T.d. er det omlyd føre komitativendinga -ine, slik at gåetie «hus» heiter göötine i komitativ. Omlyd er eit resultat av at stammevokalen (vokalen i den trykkletten stavinga i siste takt) påverkar rotvokalen (vokalen i trykktung staving i siste takt). Det er tre ulike omlydstyper: ie-omlyd, i-omlyd og a-omlyd.

For a-omlyd vil stammevokalen a, som er ein låg vokal, føre til at rotvokalen vert lågare. T.d. vil verbet jietedh "å seie" få suffikset a i tredje person eintal. Denne a-en gjev opphav til a-omlyd, og rotvokalen ie blir endra til ea, vi får jeata.

Sørsamisk har 7 ulike omlydsrekkjer med 6 ulike kontekstar, eller stammevokalar. Dei tre stammevokalane e1, e2, e3 er i dag identiske (nemleg e), men blir historisk rekonstruert til ulike vokalar, og dermed halde separat i tabellen.

1 2 3 4 5 6 7 kontekst A i e u ie ae åe ue + ie B æ a å ea aa åa ua + a C æ a å ea aa åa (åa) + oe D i a o ie aa åa oe + e1 E y o o yö åå åå (åå) + e2 F i i u ee ee öö öö + e3

Viss vi fyller inn med substantiv får vi denne tabellen (rad A, B, F har substantiva klihtie jeptsie buvrie sjiellie gaevlie gåetie njueslie, mens rad C, E viser substantiva ærhtjoe bahtjoe rånhtjoe bearkoe baarmoe råafoe). Radene er organisert i ny rekkjefølgje for å få bøyingsformer av dei same orda attmed kvarandre.

1 2 3 4 5 6 7 kontekst gramm. form A klihtie jeptsie buvrie sjiellie gaevlie gåetie njueslie ie nominativ B klæhtan japtsan båvran sjeallan gaavlan gåatan njuaslan a illativ F klihtine jiptsine buvrine sjeelline geevline göötine njöösline e3 komitativ tyding:berghylledummingstolpebuskrptkritikarhusdøgenikt C færhtjoe bahtjoe rånhtjoe bearkoe baarmoe råafoe oe nominativ E fyrhtjese bohtjese ronhtjese byörkese båårmese rååfese e2 illativ tyding:jente?fjellryggkjøttbratt fjellkantråafoe

Litteratur

Lorentz, Ove 1973: Towards a generative phonology of southern Lappish, Magistergradsavhandling allmenn språkvitenskap, Universitetet i Oslo.

Fonologi Kategori:Fonologi etter språk Kategori:Samisk grammatikk