Nils Elias Børresen () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Flekkefjord.
Børresen var son til ein skipsreiar. Sjølv tok han til som kjøpmann i heimbyen Flekkefjord i 1837. Frå 1845 var han medlem av bystyret, og ordførar i «mange aar».
Børresen representerte Flekkefjord på stortinga 1848, 1851, 1854, 1857, Omframtstortinget 1858, og stortinga 1859-60 og 1862-63. Han var i 1848 og 1851 medlem i Justiskomite nr 2, 1851 medlem og sekretær i Lagtinget og medlem i lovkomiteen av 1851. Sidan var han medlem 1854 i Justiskomite nr 1, medlem 1857 og sekretær 1859-60 og 1862-63 i Vegkomiteen.
Børresen levde ugift og døydde i Christiania, medan han var i byen som tingmann.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Folk frå Flekkefjord