Ernst Willy Wroldsen () er ein norsk næringslivsleiar og politikar frå Langesund i Telemark, stortingsrepresentant 1981-93 frå Vestfold for Arbeidarpartiet.

Wroldsen var son til ein støyperiarbeidar. Etter å ha vore billettør og elev på Ringerike Folkehøgskole, var han ekspeditør i åra 1962-65. Frå 1965 til 1981 hadde han ulike stillingar i firma Vest-Viken.

I tida 1972 til -83 var Wroldsen medlem i Tønsberg bystyre for Arbeiderpartiet, dei siste åtte åra med plass i formannskapet. Hausten 1981 vart han vald til stortingsrepresentant frå Vestfold, og attvald ved dei neste to stortingsvala. Valperioden 1981-85 var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen, deretter 1985-89 medlem i Sosialkomiteen. I den siste perioden, 1989-93, var han medlem i Energi- og industrikomiteen, som nestleiar frå 21. november 1990. Wroldsen var landsstyremedlem 1989-91 i Det norske Arbeidarparti.

Etter 1993 var Wroldsen informasjonssjef i Vestfold Kraft til 2000, sidan i det omdanna selskapet Skagerak Energi AS til 2003.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Folk frå Bamble Kategori:Folk frå Tønsberg