mini|Egg

Gråhovudsultanhøne (Porphyrio poliocephalus) er ein vassfugl i riksefamilien, Rallidae. Arten har utbreiingsområde i sørlege Asia, rundt Kaspihavet og frå Irak austover til Pakistan. Det finst to registreringar i Noreg av denne arten i 1923. Han er introdusert til Florida i USA. Tidlegare var dette taksoneit rekna som nominatunderarten av sultanhønekomplekset.

Skildring Gråhovudsultanhøner har utsjånad mykje som blåsultanhøne i Sørvest-Europa, men skil seg med varierande grad av lysare hovud. Storleiken på rundt 45 - 50 centimeter varierer med lengdgraden, og avtar austover i utbreiingsområdet.

Det er skildra tre underartar utan overlappande utbreiing: P. p. poliocephalus finst frå India og Sri Lanka til Sør-Kina og Nord-Thailand, har djupblå skuldrer, andlet, hals og bryst. Denne underarten er introdusert til Florida.

P. p. caspius (Hartart, 1917) området rundt Kaspihavet og ein avgrensa bestand i sørlege Tyrkia, liknar poliocephalus med lysare gråtona hovud, men er større.

P. p. seistanicus (Zarudny & Harms, 1911) lever frå Irak austover til Pakistan, som poliocephalus, men større, og mindre enn caspius.

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:Riksefamilien