Hans Biørn Wenneberg () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann, fødd og død i Kragerø.

Wenneberg var son til ein kjøpmann i Kragerø. Sjølv lærde han seg til snikkar i København, og tok borgarskap i heimbyen som snikkarmeister. Sidan tok han opp både kjøpmannsverksemd og var skipsreiar.

Wenneberg var medlem i Kragerø bystyre frå 1837 til 1868, ordførar 1855 og -56, varaordførar 1857. Han var elles brannmajor i Kragerø og hadde mange andre tillitsverv. Både i 1848, 1851 og 1854 vart han vald til å representere Kragerø på Stortinget, der han i 1848 var medlem i Kyrkjekomite nr 2, 1851 i Kyrkjekomiteen og 1854 i Bankkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kragerø Kategori:Ordførarar i Kragerø Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Kragerø