mini|Framstilling av vinaigrette. mini|Vinaigrette med urter. Vinaigrette (fransk, av vinaigre, 'vineddik') er ein saus laga ved å blanda eddik og olje i ein emulsjon. Han blir ofte brukt som dressing til salat eller som marinade.
I utgangspunktet består vinaigrette av 3 delar olje til 1 del eddik som blir piska til en emulsjon. Andre vanlege ingrediensar i vinaigrette er salt, pepar, sukker, sennep, urter, lauk og kvitlauk.
Som eddik bruker ein gjerne vineddik. Som olje kan ein bruka olivenolje eller til dømes soyaolje, rapsolje, maisolje, solsikkeolje, peanøttolje eller druekjerneolje. Urter kan til dømes vera dill, estragon, kjørvel eller persille, og ein kan også bruka finhakka lauk, kvitlauk eller kapers i retten. Sennep eller hardkokte eggeplommer kan bidra til å stabilisera emulsjonen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vinaigrette» frå , og «Vinaigrette» frå den 20. mai 2017. oppgav desse kjeldene: Gyldendals nye store kokebok, utgave av 1965, side 397
Kategori:Franske ord og uttrykk Kategori:Sausar Kategori:Fransk mat