Plasencia er ein by i Cáceres-provinsen i Extremadura vest i Spania. Han er ein gammal marknadsby med bymur. Folketalet i 2013 var 41 047.
Plascencia ligg ved Jerte-elva. Gamlekvarteret i byen stammar frå då byen låg på den gamle sølvvegen, Vía de la Plata, mellom nord og sør. Byen blei grunnlagd i 1186. Han blei gjeven offisiell status av Alfonso VIII av Castilla same år, og bispedømet Plasencia blei oppretta. Ti år etter grunnlegginga blei byen hærteken av dei marokkansk-berberske almohadane, men teken attende av styrkane til Alfonso VIII allereie same dagen.
Mot slutten av 1200-talet fekk byen eit fridomsbrev som lét kristne, muslimar og jødar bu saman i byen. Han fekk eit talrikt jødisk samfunn, det største i Extremadura på den tida, som hadde mykje økonomisk makt.
I 1442 skjenka kong Johan II av Castilla byen til adelshuset Zúñiga, og han tapte retten til å røysta i nasjonalforsamlinga. I 1446 blei det første universitetet i Extremadura skipa i Plasencia etter ønske frå biskopen.
I 1488 gjorde adelsmennene i byen opprør mot den nye hertugen, Ávaro de Zuñiga y Perez de Guzmán, for å få tilbake makta dei hadde hatt før huset Zúñiga tok over byen. Dei spanske herskarane Ferdinand og Isabella støtta dei, og opprøret lukkast. Ferdinand svor å forsvara og verna fridommen til byen til sin død. Kongen flytta hit i 1515 etter råd frå legane sine, som meinte det ville vera den mest helsebringande staden for han å bu. Han døydde året etter, i Madrigalejo, undervegs til Guadalupe.
Biskopen av Pedro Ponce de León, kjend som «den første læraren for døve», donerte ein stor del av boksamlinga si til El Escorial i 1573. Eit tiår seinare skipa ein annan biskop eit bibliotek med over 3 880 titlar i over 10/nbspø000 band.
I 1502 blei dei opphavlege 18 provinsane i Castilla skipa etter om dei hadde røysterett i nasjonalforsamlinga. Ingen byar i Extremadura hadde nokon slik rett, sidan dei fleste av dei tilhøyrde Salamanca. Innbyggjarane i Plasencia bestemte seg for å kjøpa retten dei tidlegare hadde hatt, og bad andre viktige byar om hjelp. Slik blei provinsen Extremadura grunnlagd.
Kjende folk frå Plasencia Inés de Suárez (ca. 1507–1580), conquistador Roberto Iniesta (f. 1962), rockemusikar Raquel Sánchez-Silva (f. 1973), journalist
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Plasencia» frå , den 20. mai 2017.
Kategori:Byar i Cáceres-provinsen Kategori:Byar i Extremadura