Ola Røtvei () er ein norsk gardbrukar og politikar frå Oppdal. Han var stortingsrepresentant 1990-2001 for Arbeidarpartiet og ordførar i Oppdal kommune i til saman 16 år.

Røtvei var ordførar i Oppdal kommune valperioden 1988 til 1991. Frå hausten 1990 til 1993 møtte han på Stortinget som vararepresentant for statsråd Gunhild Øyangen frå Sør-Trøndelag. Deretter hadde han fast stortingsplass i tida 1993-2001. Aller desse stortingssesjonane var han med i Samferdslekomiteen, nestformann i komiteen frå mars 2000 til ut sesjonen 2000/01.

Då Arbeidarpartiet fekk langt færre representantar etter Stortingsvalet 2001, vart ikkje Røtvei attvald, men måtte nøye seg med å vere fyrste vararepresentant. Han gjekk då tilbake til kommunepolitikken og var ordførar i Oppdal frå 2003 til 2015.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Ordførarar i Oppdal Kategori:Ap-ordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Oppdal