( ) er det tredje studioalbumet åt det islandske post rock-bandet Sigur Rós. Albumet innheld åtte spor, alle utan namn. Ein kan dele albumet inn i to halvdelar med fire songar i kvar halvdel. Dei to halvdelane er skilde av 36 sekund stille. Alle tekstane er sungne på språket vonlenska, der orda ikkje har noka tyding.
Produksjon
mini|upright|Songaren Jónsi framfører alle songane på vonlenska. mini|upright|Georg Hólm under ei framføring av «Untitled #8» i 2008.
Albumtittelen er samansett av to parentesar som anten representerer dei to halvdelane av albumet eller at albumet ikkje har nokon tittel slik at lyttaren sjølv kan finne seg ein.«sigur rós – discography» ( ) Henta 26. november 2009 frå ein (arkivert 21. juni 2007) Bandmedlemer har kalla ( ) for Svigaplatan, på norsk «Klamme-/parentesalbumet».Kjartan interview Henta 26. november 2006 frå ein arkivert versjon (arkivert 18. oktober 2007) I rulleteksten åt filmen Heima er det kalla The Untitled Album (Albumet utan namn). Det finst fire versjonar av omslagskunsten, som består av modifiserte fotografi av naturen ved Mosfellsbær-studioet åt bandet. Dei er selde i fire ulike område: Europa, USA, Australia og Japan. På Island vert alle fire omslagsdesign selde.
Ken Thomas, som òg arbeidde på det førre albumet åt bandet, var teknikar og medprodusent på ( ). ( ) er det fyrste albumet Sigur Rós spela inn i lydstudioet sitt i Álafoss i Mosfellsbær, ein liten by utanfor Reykjavík. Bandet kallar studioet «sundlaugin» eller «bassenget». Strykekvartetten Amiina spelar på albumet. ( ) fekk meir tid til innspeling og produksjon enn det førre albumet, Ágætis byrjun. Likevel meiner vokalist Jón Þór Birgisson (Jónsi) at ( ) er «mindre polert» enn forgjengaren sin. Strykarane på Ágætis byrjun vart spela inn på berre to dagar — på ( ) hadde dei to veker. Amiina trengte mykje mindre førebuing enn det islandske symfoniorkesteret som spela på Ágætis Byrjun. I fylgje Jónsi lét bandet dei jamme i studioet til alle var fornøgde.
Musikk og tekstar
( ) består av åtte spor delt i to av 36 sekund stille, som liknar skiljet mellom dei to sidene av ei vinylplate. Den fyrste halvdelen av albumet er musikalsk lystig og optimistisk, med meir vekt på tangentar enn gitar og sampling av stemma åt Jónsi. Den andre halvdelen er meir melankolisk og spelar i fylgje Jónsi med kjenslene åt lyttaren. Ingen av spora på ( ) har titlar. Gitarist og keyboardist Kjartan Sveinson sa at dei ikkje ville bruke titlar på albumet berre fordi det er noko ein «skal». Sjølv om songane ikkje har nokon offisiell tittel, har kvart spor ein uoffisiell tittel som er brukt av bandet.
Jónsi song tekstane i ( ) på «vonlenska» («Hopelandic»), eit påfunne språk som består av ord og stavingar utan meining. Jónsi bruker normalt vonlenska på songar som enno ikkje har tekst, sjølv om nokre spor på albuma Von og Takk... er sungne på språket. Namnet kjem frå «Von», den niande songen på albumet Von. Det er den fyrste gongen språket vert brukt av bandet. Vonlenska på ( ) består av ei setning som er elleve stavingar lang: «You xylo. You xylo no fi lo. You so.» og ulike variasjonar av ho. Bandet hadde spela songane på ( ) live i to år før albumet kom ut. Difor ville ikkje bandet gjeva songane ekte tekst. Trommeslagaren Orri Páll Dýrason sa at songane allereie var ferdige og det ville vore rart å plutseleg setja inn tekstar i desse ferdige produkta.
Utgjeving Pitchfork Media plasserte ( ) på 29. plass på ei liste over dei 50 beste albuma frå 2002, og på 135. plass på ei liste over dei 200 beste albuma frå 2000-talet. Albumet nådde 51. plass på Billboard 200. Ein musikkvideo for «Untitled #1» («Vaka») regissert av Floria Sigismondi vart gjeven ut i april 2003. Videoen viser ei dystopisk framtid der skuleborn med gassmasker leikar i svart snø under ein raud himmel. Videoen vann «beste video» på MTV Europe Music Awards i Edinburgh.
Mottaking På Metacritic har ( ) poengsummen 82/100 basert på 20 meldingar, som gjer han til ein dei 30 høgstskårande albuma i 2002 .
I media Eit utdrag frå «Untitled #8» kan høyrast i traileren for Nicole Kidman-filmen The Invasion. «Untitled #7» er brukt i traileren for dataspelet Dead Space frå 2008. «Untitled #4», «Svefn-g-englar», tittelsporet på Ágætis byrjun og ein videobakgrunn som vart brukt i ein Sigur Rós-konsert i Los Angeles vert brukt i filmen Vanilla Sky. Det var den fyrste gongen bandet lisensiert musikken sin for ein film. Jónsi tillét det delvis fordi han tykte at tanken på at Tom Cruise spela med musikken deira i bakgrunnen var «morosam». «Untitled #4» vart spela i den amerikanske TV-serien Queer as Folk, og i den canadiske TV-serien Orphan Black. «Untitled #3», under det alternative namnet «Samskeyti», vart brukt i rulleteksten åt filmen Mysterious Skin regissert av Gregg Araki, i ei episode av det andre sesongen av den britiske serien Skins og i filmen The Boys Are Back frå 2009. Fleire ulike spor frå ( ) vart brukte i det amerikanske krimdramaet CSI: Miami.Sigur Ros Music - TuneFind Vaka vart mykje brukt i den norske filmen Kongen av Bastøy frå 2010. I den danske filmen Efter brylluppet, som var nominert til ein Academy Award i 2006, vert «Untitled #1» («Vaka») brukt som bakgrunnsmusikk under begravinga av ein viktig person.Efter brylluppet (2006) - Soundtracks - IMDb
Sporliste Ingen av songane har noko offisielt namn, men har alternative namn som bandet bruker.sigur rós – discography Henta 26. november 2009 frå ein (arkivert 21. juni 2007) Alle songar er skrivne av Sigur Rós.
Nr. Songtittel Tydinga åt det alternative namnet Lengd Untitled («Vaka») Dottera åt Orri heiter Vaka 6:38 Untitled («Fyrsta») «Den fyrste» eller «den fyrste songen» 7:33 Untitled («Samskeyti») «Søm» 6:33 Untitled («Njósnavélin») Njósnavélin tyder «spionmaskina» men er kjend som «The Nothing Song» («Ingentingsongen») 7:33 Untitled («Álafoss») Studioet åt bandet ligg ved Álafoss 9:57 Untitled («E-Bow») Georg Hólm bruker ein EBow i denne songen 8:48 Untitled («Dauðalagið») «Dødssongen» 13:00 Untitled («Popplagið») «Popsongen» 11:44
Kjelder Denne artikkelen bygger på «( ) (album)» frå , den 12. mai 2017. Den engelske artikkelen oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2002 Kategori:Sigur Rós-album Kategori:Utvalde artiklar 2018 Kategori:Islandske musikkalbum