John Sivebæk () er ein dansk tidlegare fotballspelar frå Vejle, som vart europameister med Danmark i 1992. Han var ein snøgg, offensiv og teknisk sterk sideback spelte 87 landskampar i tida 1982-92.
Klubbspel Sivebæk spelte dansk toppfotball med heimlege Vejle Boldklub åra 1980-84, og var i 1981 med å vinne cupfinalen 2-1 over BK Frem og verte seriemeister i 1984. Vinteren 1985 fekk han kontrakt med Manchester United, der han fekk heller lite speletid. Frå 1987 til -91 var han aktiv i franske AS Saint-Étienne, medan han i 1991/92-sesongen spelte for konkurrenten AS Monaco. Etter to sesongar i italienske Pescara vende han i 1994 heim til Vejle BK. Han avslutta si tid som aktiv med spel på Aarhus GF (AGF) i 1996/97-sesongen.
Landslagspel Sivebæk debuterte på landslaget i mai 1982, og spelte i tre av Danmark fire kampar i fotball-EM 1984. Han skåra sitt einaste landslagsmål då Irland vart slått 4-1 i ein VM-kvalifiseringskamp i november 1985. Både under VM i fotball 1986 i Mexico og EM i fotball 1988 deltok han i fleire av dei danske kampane. Høgdepunktet kom då Danmark overraska ved å vinne europameisterskapen i Sverige i 1992, etter 2-0 over Tyskland i finalen. Han bidrog då i alle seks kampane, i sjølve finalen vart han skadd midtvegs i andre omgang og bytta ut. Seint om hausten 1992 vart han bytta ut då danskane gjesta Nord-Irland, i det som vart hans 87. og siste landskamp.
Merittar Europameister: 1992 med Danmark Dansk seriemeister: 1984 med Vejle BK Dansk cupmeister: 1981 med Vejle BK
Kjelder Denne artikkelen bygger på «John Sivebæk» frå , den 1. mai 2017.
Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Europameistrar i fotball Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Vejle-spelarar Kategori:Saint-Étienne-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Pescara-spelarar Kategori:AGF-spelarar Kategori:Monaco-spelarar