Mulino (russisk skrift Му́лино) er eit landleg område i Volodarsky-distriktet i Nizjegorod oblast i Russland. Folkesetnaden er 13 008 (folketeljinga 2010, 11 711 i 2002). Telefonkode: +7 83136. Postnummer: 606083.
Militært øvingsområde Ei lokal avis skildrar Mulino som "omgjeve av militære einingar". Eit viktig anlegg i området er Mulino øvingsomåde for russiske landstyrkar, som i september og desember 2007 var gjenstand for felles amerikansk-russiske militære øvingar, ein del av serien med kodenamn "Torgau" (etter byen i Tyskland som vert rekna som del av den felles militære historia i båe land).Russian Ministry of DefenseRamstein Felles øvingar i Mulino var opphavleg planlagt for 2006 ("Torgau-2006"), men vart avlyst, moglegvis på grunn av protestar frå enkelte lokale grupper mot at utanlandske militære troppar var til stades på russisk jord.Russians confirm postponement of training exercise with
Mellom militære einingar oppført av Kommersant-Vlast i 2002 på Mulino var 34. artilleridivisjon, 99. sjølvdrevne artilleriregiment (3. MID), 211. artilleri-øvingsbrigade, 245. motoriserte infanteriregiment (3 MID), 752. motoriserte infanteriregiment, 237. og 100. stridsvognregimenter (3. MID), ei anna eining, og ein straffebataljon. Hovudkvarter for 3. motoriserte infanteridivisjon (3. MID) var i nærleiken av Nizjnij Novgorod. Det er òg ein straffebataljon på staden.28-Apr-2007 Fleire militære reorganiseringer har no (2016) skjedd.
I 2014 vart eit nytt øvingssenter sett opp i Mulino - i samsvar med ei avtale inngått med Rheinmetall i Tyskland - verd €100-millionar. Det er eit øvingsområde på brigade-storleik for simulering av kampsituasjonar og øving av trefftryggleik med militære våpen. På grunn av Ukraina-krisa i 2014 og Russland si deltaking i konflikten i Ukraina og sanksjonar pålagd av EU mot Russland, måtte Rheinmetall avlysa denne avtala med det russiske Forsvaret.2014 Russian military intervention in Ukraine
Referansar
Kjelder Государственно-правовой департамент Нижегородской области. Приказ №3-од от 27 января 2016 г. "Об утверждении реестра административно-территориальных образований, городских и сельских населённых пунктов Нижегородской области". Опубликован: "Нижегородская правда", №27(26048) (начало) и №30 (26051) (окончание), 19 и 26 марта 2016 г.Mal:RussiaAdmMunRef