Barsmett (Troglodytes pacificus), er ein fugl i gjerdesmettfamilien som lever i nordvestlege delar av Nord-Amerika.

Fram til ca. år 2011 var dette taksonet rekna som same arten som gjerdesmett (Troglodytes troglodytes) i Eurasia og Nord-Amerika. Utsjånaden til Troglodytes pacificus skil seg lite frå gjerdesmett i Noreg, dei har same storleik og kroppsform, men Troglodytes pacificus er skildra med svakt mørkare fjørdrakt, særleg på undersida. Fuglen er 9 til 10,5 cm i kroppslengd og veg ca. 6-10 gram. Utbreiingsområdet for hekking er langs stillehavskysten frå vestlege Aleutane og langs sørkysten av Alaska i nord og søraustover til California. Ein underart lever i innlandet i British Columbia og sørvestre Alberta sørover til nordvestre Oregon og vestlege Montana. Barsmett er dels ein flyttfugl, og vintertid kan dei treffast søraustover til Arizona.

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:gjerdesmettfamilien Kategori:Fuglar i Nord-Amerika