Hans Henrich Maschmann () var ein norsk apotekar frå Christiania, kjend for å forsyne landet med medisinar under napoleonskrigane. Han var far til Bernt Maschmann.

Far hans var ein tysk innvandrar som frå 1773 dreiv Elefantapoteket i Christiania. Sjølv reiste han i 1787 til Hamburg og gjekk tre år på skule i den nordtyske byen. Sidan arbeidde han på apotek i Fredrikhald frå 1790. Han las deretter kjemi før han i 1796 avla apotekareksamen. Året etter tok han over familieapoteket i Christiania.

Maschmann vart utnemnd til professor i 1808, tre år før Noreg fekk universitet. Grunna napoleonskrigane var det desse åra mangel på medisinar i landet. Maschmann, som også var medlem i sunnhetskollegiet i Christiania, organiserte då eit medisinlager. Han fekk også løyve til å lage brennevin av poteter.

Frå 1818 underviste Maschmann i kjemi ved Det Kongelige Frederiks Universitet i den norske hovudstaden, såvel som ved Den Militære Høiskole. Saman med økonomen Gregers Fougner Lundh og astronomen Christopher Hansteen fekk han i 1823 etablert tidsskriftet 'Nytt magasin for naturvidenskapene'.

Etter han fekk i stand dampskipsrute mellom Christiania og Trondheim, vart Maschmann i 1825 vald til medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. I tida 1829 til 1850 var han også med i styringa for Norges Vel.

Maschmann vart tildelt St. Olavs Orden i 1853. Maschmanns gate i Oslo er kalla opp etter han.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hans Henrich Maschmann» frå , den 23. april 2017.

Kategori:Norske apotekarar Kategori:Folk frå Oslo