Socorrosmett (Troglodytes sissonii) er ein fugl i gjerdesmettfamilien som er endemisk for Socorroøya i Revillagigedo-arkipelaget utanfor vestkysten av Mexico. Han er òg medlem av den biologiske slekta Troglodytes som inkluderer gjerdesmett i Noreg.
Skildring Dette er ein mellomstor medlem av slekta, ca. 11-12 centimeter, fjørdrakta til vaksne fuglar er lys jamstelt med andre i slekta: brungrå på oversida, varmare brun lengst bak, tverrvatringa på oversida er mest umerkeleg. Strupe, bryst og underside er lys brungul, nær kvit, men mørkare bakover.
Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er mistenkt å vere minkande. Arten er klassifisert som nær truga.
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff Sosa, Roberto. 2011. Socorro Wren (Troglodytes sissonii), Neotropical Birds Online (T. S. Schulenberg, Editor). Ithaca: Cornell Lab of Ornithology; henta 23. april 2017
Kategori:Gjerdesmettfamilien Kategori:Fuglar i Oseania