Jiddaøya (arabisk جزيرة جدة) er ei folketom øy i Bahrain. Ho ligg vest for Bahrainøya og like nord for Umm an Nasan i Persiabukta. Ei kort vegfylling går ut til øya frå Umm an Nasan.
Det brukte å vere fengsel på Jidda.Bahraini Prisoners - Debate in British huset Commons Majeed Marhoon, Abdulhadi Khalaf og fleire andre politiske aktivistar sat i fengselet i 1960- og 1970-åra.
Seinare vart øya den private eigedomen til statsministeren Khalifa bin Salman Al Khalifa og er i dag stengd for ålmenta. Øya har eit palass, hagar, ein helikopterlandingsplass, ein moské og fleire andre anlegg laga for statsministeren og familien hans, sjølv om øya ikkje er busett og sjeik Khalifa sjølv bur i Riffa på Bahrainøya.
Øya består av kalksteinsklipper. Ein trur at blokker frå øya vart skorne ut og brukt i Barbar-tempelet på Bahrainøya.Barbar Temple - Unesco
Sjå òg Umm an Nasan Umm as Sabaan
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jidda Island» frå , den 10. april 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Jiddaøya Jiddaøya moské - Archnet.org
Kategori:Øyar i Bahrain